Publisert Legg igjen en kommentar

7 fjell om lager og lagring

Smith-Gahrsen i 7 Fjell Bryggeri

Bilde: Smith-Gahrsen i 7 Fjell Bryggeri

Etter gode seks månadar med innkøyring og justering på den nye bokslinja, og eit solid løft på gjæringskapasiteten ser Gahr Smith-Gahrsen og 7 Fjell seg nøgd med 2017.


Foto: 7 Fjell

Bergensarane med sørlendingen i spissen kan ikkje skuldast for å vere anna enn presisjonsorienterte og stilreine, både i produkt og prosess.

Romsleg mellom 7 Fjell

– Ut i frå dagens utvikling vil anlegget vårt ha god kapasitet i omlag ti år frametter, med denne siste utvidinga, fortel Smith-Gahrsen. I 2017 har 7 Fjell utvida gjæringskapasiteten sin ganske kraftig med nyinvesteringar, då dei i haust dreiv mest på 100 prosent kapasitet for å ta unna etterspurnaden. No, med litt olbogerom, vender dei nasen frametter og ser mot nye (skum-)toppar. Mest er det kanskje fatlagring som fristar Smith-Gahrsen.

– I dag har vi 12 fat, på mellom 200 og 250 liter. Men vi har god plass her, så det kan verte aktuelt med meir belgiske kvadrupler, surøl og anna fatlagring. Litt diverse bugs, kanskje?

Sjølv om bryggeriet gjerne har hatt plass til å eksperimentere, har dei så avgjort ikkje hatt tid til småseriar med eksperimentelle saker siste halvåret. Like fullt tek dei ut 25 liter av brygga som vert sett for krumspring til festivalar og slikt, når høvet passar seg.

Mellomaktøranes fall

– Det er nerdane som driv miljøet framover, men ikkje dei som betalar bryggeria. Trendar er ikkje viktig for meg, godt øl er godt øl. Men eg kunne godt ha tenkt meg å sjå ein gjenoppstandelse av dei klassiske britiske øla, gjerne med ein tvist.

Det er ikkje utenkjeleg at lager-sjangeren vil returnere til høgsetet, der ale-familien har trona i fleire år, skal ein tru sørlendingen. Han har sett tendensane hjå fleire av dei små bryggeria rundt i landet, men uansett kva for nye bokstavkombinasjonar vi får på flaskene i 2018 vil vi uansett sjå ei stødig auke i handverksøl.

Vi har god plass her, så det kan verte aktuelt med meir belgiske kvadrupler, surøl og anna fatlagring. Litt diverse bugs, kanskje?

Gahr Smith-Gahrsen

– Fleire av dei mellomstore bryggeria vil nok forsvinne den neste tida, men det vil kome til nye av dei små, av gardsbryggeria og dei som han fleire føter å stå på utover bryggeriet.
Sjølv om det er tydelig at det kulturelle aspektet rundt det norske ølet stadig er under utvikling, er det ein ganske sterk antialkohol-lobby som er i stand til å halde mykje av dei tunge restriksjonane på bryggeria ved lag.

– Men Trine Skei Grande var jo på besøk her under sist kampanje. Eg veit ikkje heilt kva det betyr, men ho var her i alle fall, avsluttar Gahr Smith-Gahrsen smilande.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *