Bokkøl – eit øl som sparkar som ein bukk

Namnet bokk kjem etter alt å dømme av byen Einbeck, som er bokkølets vugge, og innbyggjarane der si karakteristiske uttale av «-beck».

Publisert: 21.10.18

Foto: Frode Henriksen

Kategori: Ølstiler

Vi kan spore øltypen heilt attende til 1400-talet, der den opphaveleg var ein ale (overgjæra), men vart tidleg ein del av lagergjær-historia. Ølet, som var reint, klårt, smakfult og ikkje minst humlebasert framføre gruitbasert, vart ein kjempehit, og etter kort tid vart bryggermester Pilcher eksportert frå Einbeck til München for å spre godsakene til eit større publikum. Opphaveleg var ølet basert på omlag 1/3 kveite og 2/3 bygg, noko som gav eit uvanleg lyst og fint øl.

Bokkøl er i utgangspunktet eit maltig og karamellprega øl, med liten til ingen humleprofil, lite frukt-ester og eit fyldig og rikt hovud. Vanleg styrke er 5,5% til 7,5%.

Dette er ølet som først vart omtala som «flytande brød» av ein Paulaner-munk, i samband med faste. For det var nemleg ingen forbod mot flytande føde under faste…

Maibock og Helles

Maibock er eit lyst-til-amber øl, med ein god del pilsnermalt. Fruktigare enn tradisjonell bokk, og med eit tørrare preg. Saman med helles-bokk, som er ein tanke lysare enn dei lysaste maibokkane, utgjer desse nyare variantar av bokk, med tanke på at nyvinninga med så lysbrent malt er relativt fersk. Namnet tilseier er dette eit øl for våren og tidleg sommar.

Dobbelbock

Her er det brukt mørkare Münich-malt, saman med dekoksjonsmetoden i kokinga, som gjev ein mørkare gylden farge med styrke på rundt 7-8%. Det må seiast at vi òg finner meir potente eksemplar heilt opp til 15%. Fermenteringa er gjort lang og kjølig, så fråveret av frukt-ester og humlepreg forsterkar ytterligare «flytande brød»-konseptet. Dobbelbokk ender som regel med -ator i namnet, som gjer dei lett å finne på polet; Celebrator, Optimator, og Consectrator for å nemne nokre få.

Eisbock

Ein dobbelbokk, som vert fryst, for så å verte avsilt isen, vert etter nokre slike rundar ein eisbokk. Det er berre vatnet som frys, ikkje alkoholen, eller smaksstoffa, så her kan ein lett presse det opp i 15-17% utan at ein kjenner vidare alkoholpreg. Her vil då smakar av rista brød, mørk sjokolade og tørka steinfrukt melde sin ankomst, men hand i hand med ei sterkare kjensle av mismot dagen derpå. I prosessen vil nemnleg òg ymse bistoff som til dømes metanol verte frysedestillert, med den belastninga den har på kroppen. I cider-verda heiter det for øvrig apple-jack når ein frysedestillerer cider. Eit knippe slike øl er tidvis til salgs på Vinmonopolet, som til dømes Kulminator – truleg det beste ølnamnet i ølverda i dag.

Les mer om ølstiler
Gode råd til deg som brygger din egen IPA 15 mai 2019 - IPA er en ølstil som passer hele året, men spesielt sensommeren er en fin tid å nyte en god IPA. Den internasjonale IPA-dagen er også første torsdag i august.
10 friske champagneøl til 17. maifesten! 9 mai 2019 - En aperitiff før maten skal skjerpe apetitten og har dessuten en sosial funksjon. Bruk en øl, eksempelvis en hveteøl, en wit eller en blonde med friskhet, og hvor de fruktige tonene kommer godt frem.
New England India Pale Ale – eller NEIPA 2 mai 2019 - NEIPA skiller seg fra standard vestkyst-IPA ved lavere bitterhet, null krystall-malt, og er veldig uklar. Kroppen er også fyldigere og aromaen har tropisk preg.

Hvor godt likte du innlegget?

Ranger det med stjerner!

Snittrangering: / 5. Antall stemmer:

Siden du likte dette ...

Følg oss for lignende saker!

Beklager at innlegget ikke falt i smak.

Hjelp oss å bli bedre ...

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *